Cape Town!

Heisann !

I dag starta vi dagen med å stå tidlig opp og ete frukost. Vi vart deretter henta av guiden våras Jamie, som skulle køyre oss til Cape the Good Hope/Capepoint. Desse plassane ligg sør/sørvest av Cape Town, heilt ute ved kysten, og er det  sørlegaste og sørvestligaste punktet i Afrika. Turen dit var eit stykke å køyre, men vi hadde nokon fine pausar. Vi stoppa blant anna i Hout Bay kor vi reiste ut på selsafari med ferge. Vi måtte stoppe ved den flotte surfestranda i Muizenberg og sjekke ut dei flotte surferane, etter Ellen sitt store ønske. Ellers, etterpå då vi hadde vært på sørspissen, vart turen avslutta med eit besøk på Boulders Beach. Der vart vi omringa av pingvinar(ja, kven hadde vel trudd det). Vi meiner vel at pingvinane lev i litt kaldare strøk… Det skal seiast at vatnet var ikkje av det varmaste vi har hatt på turen, men sidan vi trossalt er ekte vikingar så kasta dei fleste seg uti. Til slutt drog vi og åt lunsj (ja veldig sein lunsj) på ein av dei fine sjømatresturantane her nede. No nyt vi dei siste dagane for fullt !

 

-Solbjørg og Mali


Posted in 2014/2015 by with no comments yet.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>