(No Title)

Heisann

Då er vi komen til dag to i Mkuze. Var rimelig tidlig oppe og spiste frukost. I dag var dagen då vi skulle lære afrikanske elevar litt om Norge. Vi kjørte til ein skule som låg oppe på ein åskam. Her vart vi losa inn i ei klasse på 36 elevar. Desse lærte om turisme. Mange hadde som mål å gå vidare på universitet, for seinare å jobbe med noko innanfor guiding/turisme. Vi hadde først ein presentasjon av oss sjølve, så vart klassa delt inn i grupper. To og to av jentene sat saman med gruppene og fortalte. Praten gjekk livlig om både Norge og Afrika. På sidelinja forsto eg etter kvart at det var fleire «frieri» på gang… Eg fant det mest «trygt» å avslutte besøket…..men først fekk vi høre den Sør Afrikanske nasjonalsongen framført av elevane. Vi måtte kvittere med å synge den Norske nasjonalsongen, noko jentene gjorde med STOR glede J   Det må og seiast at dei Afrikanske elevane song bursdagsong til Elise Assistent, som fylte 21 år.

Seinare på dagen var det fjelltur på timeplanen. Fjellet vi skulle på heiter Ghost Mountain. Kort fortalt har det fått namnet sitt fordi dei døde vart gravlagt der for mange år sidan. Dette var ein lett tur for spreke Afrikajenter. Fjellet ruver ikkje meir enn rundt 400 høgdemeter, likevel er det ein flott utsikt frå toppen.

I morgon går turen vidare til St.Lucia. Her har elevane, i mindre grupper, laga sine eigne opplegg for dei neste fire dagane.

Helsing til alle som føl oss på bloggen – vi har det framleis flott, men begynner å bli litt slitne…

Birte

 


Posted in 2014/2015 by with no comments yet.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>